Karibyen

Eit prosjekt for fyrstegongkjøparar i Voss kommune!

Sjå prisliste

Kontakt   hans.engelsen.eide@activebrands.com   922 18 848

Prosjektet Karibyen

Me har bygd 10 firemanns-bustader, med sjølveigande leiligheter. Alle 6 A-husa er no flytta inn i. Husa B og C vert flytta inn i frå hausten 2017 og fram til sommaren 2018.

Utbygginga av trinn 3, med totalt 27 husvære, vil starta med D1 og D2. Desse vert innflyttingsklare fyrste kvartal 2019. Deretter vert E1 ferdig andre kvartal 2019. E2 og E3 skal vera ferdige i siste kvartal 2019.

Storleiken for alle husværa er ca 65 kvm BRA. Nokre har begge soverom mot inngangssida, medan nokre har eine soverommet vendt ut mot sida (sjå skisser). Utbyggjar er Tvildemo 3 AS (Skigutane) og Voss Byggsenter AS/Blink Hus er utførande byggmeister/arkitekt. Flage Maskin står for grunnarbeid. Dette er skisser og teikningane kan verta endra.

NB! Sjå at rekkefylgja på husværa startar med a oppe til venstre på alle hus!

Innhald i husværa: Sjå vedlagt pdf Romskjema innhald. Her ser du kva Sigdal kjøkken som er med, innredning bad, osv. Alle husvære har balansert ventilasjon og varmepumpe. Det er avtrekksvifte med kolfilter på kjøkken. Varmekablar i inngangsparti og på bad. Bad har fliser på golv og baderomspanel på vegg.

Bustadane er eit prosjekt i god sosial Skigutane-profil. Det er lagt klausular på evnt kjøp (sjå prisliste), slik at det ikkje vert spekulert i leiligheitene. Me ynskjer at dei skal komme unge vossingar og tilflyttarar til Vossa-bygda til gode, og ikkje boligspekulantar. Me jobbar med Vossa-bankane for å få på plass gunstige finansieringsløysingar for fyrstegongsetablerarar. Sjekk tilbod hjå dei!

Karibyen Situasjonsplan

Situasjonsplan

Last ned pdf

Karibyen Inndeling hus

Inndeling husvære

Last ned pdf

Fasader D1

Fasade Hus D1

Last ned pdf

Fasader D2

Fasade Hus D2

Last ned pdf

Planloysing D1-D2

Planløysing Hus D1-D2

Last ned pdf

Planloysing E1-E2-E3

Planløysing Hus E1-E2-E3

Last ned pdf

Romskjema innhald

Romskjema innhald

Last ned pdf


Sentral bustad på Voss

Tre brør 958 meter, Padling i Vosso 274 meter, VossVind 478 meter, vinmonopolet 848 meter, Ekspressheien i voss resort 4476 meter, Voss fallskjermklubb 3967 meter. Surf på Milkywave 460 meter, næraste hjort 305 meter, elg 315. Voss sin beste barnehage 186 meter